Stifta 1980

Time historielag er eit lag av frivillige medlemer som arbeider med å finna fram og ta vare på lokalhistorie knytt til Time kommune og omegn.

Årbøkene frå Time historielag

Årbøkene til Time historielag er ei varig dokumentasjon av livet i Time. Gjennom artiklar om menneske, stader og hendingar blir lokalhistoria fortald nært og levande – frå kvardagsliv og kultur til arbeid, tru og samfunnsutvikling.

Kvar utgåve står støtt åleine, samstundes som årbøkene samla utgjer eit verdifullt kulturhistorisk arkiv. Bidraga frå mange engasjerte forfattarar, også dei som ikkje lenger er blant oss, gjer årbøkene til ei viktig kjelde for både samtid og ettertid.

Komande møte og arrangement

11. november

Lansering av årboka 2025.

Bokmøtet er eitt av dei store høgdepunkta i året for Time historielag, og me gler oss igjen til å presentera ei ny årbok. Den første årboka kom i 2013, og sidan den gong har årbøkene samla lokalhistorie, personforteljingar og spennande stoff frå Time og Jæren.

9. desember

Me gler oss til årets julemøte i Time historielag.

Me får besøk av Arnt Olav Klippenberg denne kvelden. Litt meir om tema seinare.

Det store høgdepunktet denne kvelden vert lanseringa av den andre boka laget gir ut i år. I lang tid skreiv Tarald Oma innlegg på Facebook kvar sundag, innlegg som fekk stor lesarskare og mange trufaste følgjarar. No vert eit utval av desse tekstane samla mellom to permar.

Nyheter

Sommarkampanje for nye medlemmar

Time historielag ønskjer å få fleire medlemmar, både hovud- og husstandsmedlemmar. Difor tilbyr me ei valfri årbok gratis til alle som melder seg inn innan 31. august.

Årbøkene har ein pris på kr 225 for medlemmar og kr 275 for ikkje-medlemmar – så med dette tilbodet er det nesten gratis å melda seg inn.

Frå hausten aukar inngangspengar for ikkje-medlemmar frå kr 150 til kr 200.

Sjå utvalet av årbøker her: Lenke til årbøkene

Lokal identitet i skulen – prosjekt ved Bryne og ungdomsskule

På medlemsmøtet 15. april fekk me besøk av elevar og lærarar frå Bryne ungdomsskule. Dei presenterte eit spanande prosjekt om lokalhistorie og lokal identitet.

Kontaktlærarane Borghild Hognestad og Kristin Hovin Thorsen stod for presentasjonen, saman med tre elevar frå 8. trinn.

Kristin Hovin Thorsen presenterte òg elevane sitt arbeid med matlaging basert på oppskrifter frå Hulda Garborg.

Som takk fekk elevane fotohistorieboka frå 2018, medan lærarane fekk årboka frå 2017 med fleire skulehistoriske artiklar.

Arbeidet til elevane på 8. trinn vart presentert på medlemsmøtet og gjorde stort inntrykk. Utstillinga som no er å sjå på Bryne ungdomsskule, er det 10. trinn som står for. Ho er open tysdag 21. april kl. 14.00–14.30. Frammøte i hovudinnga

Thime Fana.

Kom tilbake frå Montana til Time!

Kvar er Thime-fana?

Thime-fana som vart sendt til utvandra timebuar i USA i 1916, kom tilbake til Time i 2003 etter å ha blitt funnen i Montana.
Fana vart då overlevert til kommunen, som gav ho vidare til bygdamuseet på Undheim.

Denne fana er eit sterkt symbol på samhaldet mellom dei som vart att i bygda og dei som drog ut, og eit synleg minne om utvandringa frå Time til Amerika.

Me har annonsert at fana skulle visast fram på møte no onsdag 15. april.

No har me dessverre fått eit uventa og vanskeleg problem:

Me klarer ikkje å finna fana!

Dette er ei viktig historisk gjenstand, og me ønskjer no å koma til botn i kva som kan ha skjedd. Det er mogleg at fana har blitt flytta, lånt ut eller lagra ein annan stad utan at dette er godt nok dokumentert.

Har du sett fana, eller veit du noko om kvar ho kan vera?
Har du høyrt noko, eller sit du på bilete, dokumentasjon eller annan informasjon som kan hjelpa oss vidare?

👉 Me oppmodar alle som kan ha kunnskap om dette til å ta kontakt.

Les her om den utrulege historia om Time fana

Lenke til historia om Time Fana

Grasrotandelen - Norsk Tipping

Vil du vera med og ta vare på historia i Time? Vel Time Historielag som din grasrotmottakar – 7 % av speleinnsatsen din går direkte til laget, utan ekstra kostnad for deg.

https://www.timehistorie.no/grasrotandelen

Husstandsmedlem i Time historielag

Time historielag har no innført husstandsmedlemskap for ektefelle eller sambuar.

Husstandsmedlemskap kostar kr 150,- per år og gjeld for personar som bur i same husstand som eit ordinært medlem.

Som husstandsmedlem kan du delta på arrangement og medlemsaktivitetar på lik linje med andre medlemer.
Bladet Sydvesten vert sendt éin gong per husstand.

Du kan bruka det vanlege innmeldingsskjemaet på nettsida vår og kryssa av for å leggja til ektefelle/sambuar.

Me vil gå gjennom medlemslista før utsending av kontingenten for 2026, slik at det ikkje vert dobbel kontingent for dei som alt er registrerte.

https://www.timehistorie.no/bli-medlem-2

7. oktober

Velkomen til historielag-møte på Undheim samfunnshus onsdag 7. oktober 2026 kl. 19.00!
 

Me får besøk av Asbjørn Enoksen og Martin Stangeland som vil ta oss med tilbake til dansefestane og musikklivet på Jæren gjennom mange tiår.

Dei vil fortelja om dei mange plassane det vart arrangert dans, og visa bilete frå fleire av dei gamle lokala – mellom anna løa på Nærbø der det ein gong var heile 1007 menneske samla til dans.

Me får sjå bilete av orkestera og av nokre av bilane dei frakta instrument og utstyr i. Mu får òg høyra gamle lydopptak og sjå videoar frå tida då dansebanda samla folk frå heile distriktet.

Asbjørn og Martin vil vidare snakka om kvifor denne danseepoken etter kvart tok slutt, og dela spesielle og morosame opplevingar frå turnélivet – mellom anna kva dei stundom fekk i betaling når arrangørane mangla kontantar.

Til slutt fortel dei om musikken og tekstane dei skriv og lagar i dag.

Som vanleg vert det kaffipause og utlodning.

Sal av årbøker.

Ta med deg nokon du har lyst å dela denne kvelden med, både medlemmer og ikkje-medlemmer er velkomne!

Helsing styret i Time historielag

Du kan som gjest på samfunnshuset parkera fritt der det er ledig parkeringsplass ved huset.

 
Inngangspengar: Medlem kr 150,- og kr 200,- for ikkje medlem
 
Dei som ikkje ennå er medlemer i laget har høve til å melda seg inn både via skjema på laget si heimeside www.timehistorie.no, og direkte til styret på medlemsmøta. Nye medlemer får velgja seg ei årbok i velkomstgåve. 
Me har medlemsrabatt både på bøker og inngangspengar, så årskontingenten på 250 kr er ikkje vanskeleg å «tena inn»! 
 
Alle er velkomne!
 
Helsing styret i Time historielag

Møta medlemmar av styret utanom møta.

I 2026 er me å treffa på museet på Undheim kvar sundag det er middag på samfunnshuset fra klokka 12.00 – 16.00.

I 2026 vil me væra der på disse datoane:

 

 13. september
  11. oktober
   8. november
   6. desember

Kom innom for ein prat eller for å kjøpa årbøkar til gode prisar.

I styret har Vidar Undheim ansvar for museet.

Boknemnda i Time historielag

Sidan 2013 har Time historielag gitt ut eiga årbok. Boka kjem ut kvart år i november og er på 150-200 sider med 15-20 rikt illustrerte artiklar som til saman gir boka eit variert innhald. Blant forfattarane er det både amatørhistorikarar og profesjonelle. Tilbod om bidrag er hjarteleg velkomne.

Les meir og finn kontaktskjema her

Årboka for 2024

Pris

Medlem: kr 225
Ikkje medlem: kr 275

Årboka for 2023

Pris

Medlem: kr 225
Ikkje medlem: kr 275

Årboka for 2022

Pris

Medlem: kr 225
Ikkje medlem: kr 275

Årboka for 2021

Pris

Medlem: kr 225
Ikkje medlem: kr 275

Årboka for 2020

Pris

Medlem: kr 225
Ikkje medlem: kr 275

Årboka for 2019

Pris

Medlem: kr 225
Ikkje medlem: kr 275

Årboka for 2018

Pris

Medlem: kr 225
Ikkje medlem: kr 275

Årboka for 2017

Pris

Medlem: kr 225
Ikkje medlem: kr 275

Årboka for 2016

Pris

Medlem: kr 225
Ikkje medlem: kr 275

Årboka for 2015

Pris

Medlem: kr 225
Ikkje medlem: kr 275

Årboka for 2014

Pris

Medlem: kr 225
Ikkje medlem: kr 275

Årboka for 2013

Pris

Medlem: kr 225
Ikkje medlem: kr 275

Time historielag

Bruavegen 1
4342 Undheim

E-post: post@timehistorie.no

Anna informasjon

Bankgiro: 3325.20.95530
Vipps nummer:
130601

Kontakt boknemnda

Ynskjer du å koma med stoff til årboka, forslag til artiklar, bilete eller andre innspel, set me pris på om du tek kontakt med boknemnda