Årbok 2014 – Time historielag
Omtale for årboka
Årbok for Time historielag 2014 er den 2. i rekkja. Boka er på 175 sider, rikt illustrert og inneheld 25 små og store artiklar av 23 ulike forfattarar.
Historia om Kvernelands Fabrikk, som tok til i 2013-årboka, vert avslutta her. Elles er det artiklar om Ivar Aasen og Hans Nielsen Hauge sine ferder over Jæren, og om religionsdiskusjonane mellom Arne Garborg og Peter Hognestad. Ein bolk tek for seg livet i Bryne sentrum, mellom anna med historia om Bellesen-familien, som var sentrale næringsdrivande på Bryne i mange år. Kulturpersonlegdomen Magnus Jonsbråten er skildra i ein annan artikkel.
I boka er det også ei samling med soger og livet på garden Njå, og om det store bureisingsprosjektet på Frøylandsfeltet.
Redaktør: Åsmund Norheim
Pris
Medlem: kr 225
Ikkje medlem: kr 275
📦 Frakt
Kvar bok veg under 1 kg.
Sendingar opp til 5 kg → same fraktpris.
1–5 bøker: kr 100,- i frakt
(inkl. emballasje og handtering)
⏱️ Levering
3–7 dagar etter bestilling
| Artikkel | Forfatter | Side |
|---|---|---|
| Bolk I: Historien om Kvernelands fabrikk a/s - del 2 | 7 | |
| Bolk II: Spor etter personar som har prega utviklinga i Bryne | ||
| Brynes Vel 100 år | Magne Stangeland og Sigvald R. Frøiland | 44 |
| Bellesen sette preg på Bryne | Kjell Olav Stangeland | 57 |
| Magnus Jonsbråten | Arnstein Karl Jonsbråten | 75 |
| Frå dagboka til Dagny Tyse, 1942-44 | 88 | |
| Brev frå Brødrene Hetland a/s | 90 | |
| Bolk III: Bureising på Frøylandsfeltet og anna frå tidsepoken etter krigen | ||
| Bureising på Frøylandsfeltet | Sigrun Seline Kalberg Nese | 94 |
| Bjelland-familien på Fosse | Tarald Oma | 102 |
| Fotland bru | Bjarne Tron Egeland | 103 |
| Bolk IV: Arne Garborg sitt forfattarskap - like tidsaktuelt idag | ||
| Med Garborg som fylgjesvein | Tora Aasland | 110 |
| Arne Garborg og Peter Hognestad | Hein Steinskog | 114 |
| Den gamle ovnen i Garborgheimen | Finn Løvaas | 119 |
| Bolk V: "Spor etter Hans Nielsen Hauge på Jæren | 122 | |
| Bolk VI: Livet på Mossige. Posttenesta før i tida | ||
| Ivar Aasen og folket på Mossige | Arthur Løvik | 140 |
| Posten i Thime | Oddbjøren Salte | 144 |
| Då det var isfjell på Jæren | Leif Andenes | 151 |
| Bolk VII: Sauebeite for Timebønder både i høghei og låghei | ||
| Ein heiatur til Sirdalen våren 1919 | Tønnes G. Kverneland | 154 |
| Historien om Bjødnalio | Einar Sæland | 157 |
| Utslått på Tjåland før i tida | Peter Tjåland | 161 |
| Bokk VIII: Litt av kvart frå Timebygda og spesielt frå Njå | ||
| Flagg på Njåfjellet | Hans Torgny Indrebø | 164 |
| Snarefangs på Njåfjellet | Nils Njå | 169 |
| Risen på Njå | Torkell Mauland | 170 |
| Mannen bak medaljen | Jorunn Erga Steinsland, Jærbladet | 171 |
| Marta Garborg og Åsdvergen | Jon Line | 174 |
| Knudaheiporten vart Garborgsmykke | Tarald Oma | 175 |
Anna informasjon
Bankgiro: 3325.20.95530
Vipps nummer:
130601
Kontakt boknemnda
Ynskjer du å koma med stoff til årboka, forslag til artiklar, bilete eller andre innspel, set me pris på om du tek kontakt med boknemnda