Årbok 2020 – Time historielag
Omtale for årboka
Årbok for Time historielag 2020 er den 8. i rekkja. Boka er på 172 sider, rikt illustrert og inneheld 20 store og små artiklar av 17 ulike forfattarar.
Her kan ein lesa om jordmor Kirsten Bryne, som tok imot 6000 barn på Jæren, om krigsflygaren Eivind Tjensvoll og om då Bryne-ungdom saboterte «Norges Goebbels» under krigen. Ein artikkel handlar om Lendestova, jærhuset frå Time som nå står på Norsk Folkemuseum på Bygdøy, ein kan lesa om gatenamn på Bryne og om korleis den populære songen om Fotlandsfossen vart til.
Redaktør: Tom Hetland
Pris
Medlem: kr 200
Ikkje medlem: kr 250
📦 Frakt
Kvar bok veg under 1 kg.
Sendingar opp til 5 kg → same fraktpris.
1–5 bøker: kr 100,- i frakt
(inkl. emballasje og handtering)
⏱️ Levering
3–7 dagar etter bestilling
| Artikkel | Forfatter | Side |
|---|---|---|
| Jordmora hadde over 6000 barn på loftet | Reidun Gudmestad | 4 |
| Ein lærar frå ei anna tid | Arnstein Karl Jonsbråten | 16 |
| Elling Sikveland i fangeleir på Grini | Tarald Oma | 25 |
| Krigsflygaren Eivind Tjensvoll - med djupe røter i Time | Herborg Nordsletten Kverneland | 32 |
| Då Bryne-ungdom saboterte "Norges Goebbels" | Tom Hetland | 40 |
| Smeden på Undheim | Tora Salte | 45 |
| Smeden lever vidare i Smiegarden | Eli Undheim | 62 |
| Kjærleik og straum lokka Tysnesingar til Jæren | Geir Rommetveit | 65 |
| Barndom i Aurenes i åra etter krigen | Karen Maria Årdal | 75 |
| Ola Aurenes - en lokalhistorisk nybrotsmann | Arne Hove | 86 |
| Mode og manufaktur - butikken til mor | Karen Norunn Thu Vesterhus | 92 |
| Vatnet som gav meireriet krisehjelp | Anne Berit Hatlem | 98 |
| Fra Lende til Bygdøy | Siv Ringdal | 105 |
| Sven Aarrestad: stridsmann for den gode sak | Tora Aasland | 113 |
| To store sønner av "Thime-sokno" krysser spor | Olav Hognestad | 131 |
| Kven er verd eit gatenamn? | Anne Berit Hatlem og Tom Hetland | 144 |
| Mannen som skapte ein slager | Tarald Oma | 156 |
| Fotlandsfossen - til nytte og glede for jærbuen | Tarald Oma | 157 |
| Livet mitt med trekkspelet, fossen og songen | Rita Fotland Bøe | 158 |
| Jon Ødegård - frå ein kjellar på Reevegen til europatoppen | Arild Digernes | 161 |
| Forfattarar | 181 |
Anna informasjon
Bankgiro: 3325.20.95530
Vipps nummer:
130601
Kontakt boknemnda
Ynskjer du å koma med stoff til årboka, forslag til artiklar, bilete eller andre innspel, set me pris på om du tek kontakt med boknemnda