Årboka for Time historielag 2025

Omtale av årboka

Årbok for Time historielag 2025 er den 13. i rekkja. Boka er på 173 sider, rikt illustrert og inneheld 19 store og små artiklar av 18 ulike forfattarar.
Blant emna er mekaniseringa av jordbruket på Jæren, ungdomslaga i Time i vekst og fall, kvinner som søkte kunnskap i studiesirklar i tida før den store utdanningseksplosjonen, og lokale drukningsulukker og beredskapsarbeid.

Det er eigne artiklar om mangeårig stortingsrepresentant I.K. Hognestad og Sem Sæland, som var rektor både på Norges tekniske høgskole og Universitetet i Oslo.

Av andre tema kan nemnast lokale haugianarar, utvandring til Amerika og ulvejakt i gamle dagar.
Redaktør: Tom Hetland.

Pris og kjøp

Pris i butikk: kr 429,-

Kjøp og bestill årboka.

Mange lokale bokhandlarar og bibliotek fører årboka.
Ved å kjøpa boka lokalt støttar du både nærmiljøet og arbeidet vårt med å ta vare på historia i Time.


Boka kan kjøpast hjå desse:

Ark M44 · Bibelbutikken (Bryne) · Coop Prix Undheim · Coop Extra Lye · Garborgsenteret ·
Norli Alti Nærbø · Norli Amfi Ålgård · Norli Jærhagen Klepp · Norli M44 Bryne


Bur du utanfor området, eller ikkje finn boka hos ein forhandlar, kan du kontakta Time historielag for bestilling og utsending.

Kan betalast med Vipps nr. 130601

Time historielag

Postboks 179
4349 Bryne

E-post: post@timehistorie.no

Anna informasjon

Bankgiro: 3325.20.95530
Vipps nummer:
130601

Kontakt boknemnda

Ynskjer du å koma med stoff til årboka, forslag til artiklar, bilete eller andre innspel, set me pris på om du tek kontakt med boknemnda