Stifta 1980

Garborgsølvet – samarbeid, symbolikk og lokal kraft

Historia om Garborgsølvet.

Garborgsølvet er ei smykkeserie med djup forankring i lokal historie og kultur på Jæren. Smykka har sitt utspring i smijernsporten ved inngangen til Knudaheio, diktarheimen til Arne Garborg.

Knudaheiporten vart teikna og symbolsk utforma av Torkell Norheim, og utført i smijern av Tønnes T. Kverneland og Ragnvald Holen. Porten vart reist i 1958 og skildrar Arne Garborg sitt livsløp gjennom ei tredelt form: barndom, opplysning og full blomstring.

Finn Løvaas, medlem i Time Historielag, las om porten i historielaget si årbok, fekk han sterk interesse for mønsteret og symbolikken. Samstundes såg Tarald Oma, som då var leiar i Time Historielag, potensialet i å løfta dette lokale kulturuttrykket vidare.

Utan Tarald Oma sitt initiativ, engasjement og pådriv hadde arbeidet med Garborgsølvet ikkje vorte sett i gang. Kjennskapen og det nære samarbeidet mellom Tarald Oma og Finn Løvaas vart avgjerande for utviklinga av smykkeserien.

Finn Løvaas laga først ei beltespenne i 925 sterling sølv, basert på portmotivet. Med støtte frå Tarald Oma og Time Historielag vart dette starten på Garborgsølvet. I samarbeid med sølvsmedverkstaden Hasla i Valle vart det utvikla ei heil smykkeserie for kvinner og menn.

Garborgsølvet er meir enn pynt. Det er ei forteljing i sølv – om Arne Garborg, om lokalt handverk, og om kva som kan skapast når idé, kulturforståing og samarbeid får rom.

Hulda nål

Pris

Medlem: kr 1900.-

Ikkje medlem: kr 2100-

Øyrepynt

Pris for 2 stk

Medlem: kr 1700,-

Ikkje medlem: kr 1900,-

Armband

Pris

Medlem: kr 1900,-

Ikkje medlem: kr 2100,-

Beltespenne

Pris

Medlem: kr 2200,-

Ikkje medlem: kr 2400.-

Legg til kr 400,-

Garborg ring

Pris

Denne er utsolgt

 

Slips

Pris

Medlem: kr 1700.-

Ikkje medlem: kr 1900,-

Anheng

Pris

Medlem: kr 1700,-

Ikkje medlem: kr 1900,-

 

Belte

Pris

Medlem: kr 400-

Ikkje medlem: kr 450-

 

Time historielag

Postboks 179
4349 Bryne

E-post: post@timehistorie.no

Anna informasjon

Bankgiro: 3325.20.95530
Vipps nummer:
130601

Kontakt boknemnda

Ynskjer du å koma med stoff til årboka, forslag til artiklar, bilete eller andre innspel, set me pris på om du tek kontakt med boknemnda