Årsmøtemøte i Time historielag onsdag 11. februar kl. 19.00 i Undheim samfunnshus. Me har invitert Dag Folkvord til å fortelja om Jæren folkehøgskule sin historie som går tilbake til 1899.
10. mars. Fellesmøte med Bryne kyrkja. Føredrag om «statspietismen» v/ Trygve Riiser Gundersen
15. april Undheim samfunnshus klokka 1900. Tora Aasland held føredrag rundt Crossings 200 og utvandrarjubileet. Innslag v/ elevar i lokalhistorieprosjektet i ungd.skulen.
Velkommen til januarmøte i Time historielag onsdag 7. januar 2026 kl 19.00 i Undheim samfunnshus.
Me får besøk av Øyvind Gjerde som held føredrag om kråkene i Time og på Jæren, og kråka i kulturen. Gjerde er pensjonert statsvitar og journalist. Han er svært engasjert i å studera fuglelivet på Jæren, og er særleg fascinert av kråkelivet. For tida er han fugleguide på Kvassheim fyr og Mostun natursenter i Stavanger.
Elevar frå Time kulturskule har musikalsk innslag på møtet, og det vert allsong (kråkeviser m.m.), og som vanleg kaffipause og utlodning.
Sal av årbøker.
Ta med deg nokon du har lyst å dela denne kvelden med, både medlemmer og ikkje-medlemmer er velkomne!
Helsing styret i Time historielag