Landslaget, Time historielag og skuleprosjektet

Skuleprosjekt om lokal identitet – foto og matkultur

Skuleprosjekt om lokal identitet

Landslaget for lokalhistorie, som Time historielag er tilslutta, har tildelt laget vårt 60 000 kroner til arbeid med skuleprosjekt. Midlane har me fordelt vidare til Bryne ungdomsskule over to år, med 30 000 kroner kvart år. Årets prosjekt er det som no er presentert.

Prosjektet gir elevane høve til å arbeida med lokal identitet gjennom både kreative og praktiske tilnærmingar, og viser korleis lokalhistorie kan formidlast på ein engasjerande måte.

På 8. trinn har elevane arbeidd med foto og lokal identitet. Dei har fotografert bygningar på Bryne og vidareutvikla bileta til kreative monogram. Resultatet er eit spanande uttrykk der kjende motiv frå nærmiljøet får nytt liv.

På 9. trinn har elevane arbeidd med mat og lokal identitet i eit berekraftsperspektiv. Dei har utforska lokal og kortreist mat, og arbeidd både praktisk og kreativt gjennom mellom anna matlaging basert på oppskrifter frå Hulda Garborg, podcast og arbeid med lokale råvarer. Prosjektet viser korleis mattradisjonar er ein viktig del av kultur og fellesskap.

Prosjektet er eit godt døme på korleis ein kan knyta saman skule, lokalhistorie og lokalsamfunn på ein meiningsfull måte.


8. trinn – foto og monotrykk

Elevane på 8. trinn har arbeidd med lokal identitet gjennom foto, der dei har fotografert bygningar på Bryne og vidareutvikla bileta til såkalla monotrykk. Monotrykk er ein grafisk teknikk der motivet blir forenkla og omforma til eit uttrykk med tydelege linjer og kontrastar, ofte i svart-kvitt.

Resultatet er ei rekkje sterke og kreative bilete som gir kjende motiv frå lokalmiljøet eit heilt nytt uttrykk. Dette imponerande arbeidet vart presentert på medlemsmøtet 15. april og gjorde stort inntrykk.

Utstillinga som no er å sjå på Bryne ungdomsskule, er open tysdag 21. april kl. 14.00–14.30. Frammøte i hovudinngangen