2026
2025

Time historielag ynskjer velkommen til konsert i Undheim kyrkje sundag 9. november kl. 18.00.
Arrangementet markerer historielaget si avrunding av utvandrarjubileumsåret 2025.
Sopransongar Laura Loge og pianist Steven Luksan frå Seattle presenterer sitt program «Musikalsk Migrasjon», der dei snakkar om og framfører musikk både frå Noreg og frå det norske Amerika. Laura Loge (Løge) ættar frå Time og Bjerkreim. Dei bur hjå kjentfolk på Bryne ei veke nå i november, og skal i løpet av desse dagane både ha konsert på Undheim og Evje, og to konsertar i Stavanger. Tidlegare i år har dei hatt fleire konsertar rundt om i Sør-Noreg.
Konserten på Undheim var planlagd av Tarald Oma. Det er vemodig at han, som ville fylt 85 år konsertdagen, ikkje skulle få oppleva arrangementet «sitt». Tora Aasland var involvert i planleggjinga av konserten saman med Tarald. Ho er leiar av styringsgruppa for Crossings 200, det nasjonale programmet som omfattar Utvandrarjubileet og migrasjonsmarkeringane i 2025. Tora var i New York 9. oktober for å ta imot seglskuta Restauration som la ut frå Stavanger 4. juli i år. I starten av konserten får me høyra litt om det ho opplevde 9. oktober.
Programmet denne kvelden på Undheim vert ei fin og verdig markering av Time historielag sin bauta og leiar gjennom 13 år.
Billett kr 250 kjøpest ved inngangen.
Alle er velkomne!

Julemøtet 03.12.2025 klokka 1900 på Undheim samfunnshus.
Me har vore så heldige å få med oss Stein Ødegård til å halda kveldens føredrag,
Og som alltid stiller Green Sax frå Undheim opp og underheld oss med god musikk.
Song, jule grøt og utlodding.
Alle er velkomne!
