Velkommen til januarmøte i Time historielag

Dato 07. januar 2026
Klokka 19:00
Undheim samfunnshus
Me får besøk av Øyvind Gjerde som held føredrag om kråkene i Time og på Jæren, og kråka i kulturen.

Øyvind Gjerde er ein av Norges fremste kråkekjennarar, ornitolog, pensjonert statsvitar og journalist.

Han er svært engasjert i å studera fuglelivet på Jæren, og er særleg fascinert av kråkelivet. For tida er han fugleguide på Kvassheim fyr og Mostun natursenter i Stavanger. 

Elevar frå Time kulturskule har musikalsk innslag på møtet, og det vert allsong (kråkeviser m.m.), og som vanleg kaffipause og utlodning. 

Sal av årbøker. 

Ta med deg nokon du har lyst å dela denne kvelden med, både medlemmer og ikkje-medlemmer er velkomne! 

Helsing styret i Time historielag