Velkomen til bokmøte i Time historielag

Dato: 11. november 2026

Klokka 19:00

Stad: Undheim samfunnshus

Bokmøte i haust

Bokmøtet er eitt av dei store høgdepunkta i året for Time historielag, og me gler oss igjen til å presentera ei ny årbok. Den første årboka kom i 2013, og sidan den gong har årbøkene samla lokalhistorie, personforteljingar og spennande stoff frå Time og Jæren.

Me får besøk av Tom Hetland, redaktør og formann i boknemnda, som vil presentera årets årbok, innhaldet i boka og forfattarane som har bidrege med artiklar. Det vert òg intervju med fleire av forfattarane, som vil fortelja om arbeidet sitt og historiene bak artiklane.

I kaffipausen vert det høve til å kjøpa den ferske årboka til spesialpris denne kvelden, og slå av ein prat.

Som vanleg vert det allsong, kaffi og utlodning.

Ta med deg nokon du har lyst å dela denne kvelden med – både medlemmer og ikkje-medlemmer er velkomne!

Helsing styret i Time historielag

Time historielag