Velkomen til medlemsmøte i Time historielag

Dato: 7. oktober 2026

Klokka 19:00

Stad: Undheim samfunnshus

Me får besøk av Asbjørn Enoksen og Martin Stangeland som vil ta oss med tilbake til dansefestane og musikklivet på Jæren gjennom mange tiår.

Dei vil fortelja om dei mange plassane det vart arrangert dans, og visa bilete frå fleire av dei gamle lokala – mellom anna løa på Nærbø der det ein gong var heile 1007 menneske samla til dans.

Me får sjå bilete av orkestera og av nokre av bilane dei frakta instrument og utstyr i. Mu får òg høyra gamle lydopptak og sjå videoar frå tida då dansebanda samla folk frå heile distriktet.

Asbjørn og Martin vil vidare snakka om kvifor denne danseepoken etter kvart tok slutt, og dela spesielle og morosame opplevingar frå turnélivet – mellom anna kva dei stundom fekk i betaling når arrangørane mangla kontantar.

Til slutt fortel dei om musikken og tekstane dei skriv og lagar i dag.

Som vanleg vert det kaffipause og utlodning.

Sal av årbøker.

Ta med deg nokon du har lyst å dela denne kvelden med, både medlemmer og ikkje-medlemmer er velkomne!

Helsing styret i Time historielag

Time historielag