Velkomen til medlemsmøte i Time historielag

Dato: 9. desember 2026

Klokka 19:00

Stad: Undheim samfunnshus

Me gler oss til årets julemøte i Time historielag.

Me arbeider òg med å få på plass ein føredragshaldar for kvelden.

Det store høgdepunktet denne kvelden vert lanseringa av den andre boka laget gir ut i år. I lang tid skreiv Tarald Oma innlegg på Facebook kvar sundag, innlegg som fekk stor lesarskare og mange trufaste følgjarar. No vert eit utval av desse tekstane samla mellom to permar.

Boka vert på om lag 100 sider og vil innehalda både bilete og illustrasjonar.

Denne kvelden får me musikalsk innslag ved Green Sax frå Undheim, og Marit Rommetveit Staveland vil dela tankar og forteljingar knytte til jula.

Me vil denne kvelden òg ha gode prisar på både årboka og den nye boka med Tarald Oma sine Facebook-innlegg. Begge bøkene er flotte julegåver.

Som vanleg vert det allsong, kaffi og utlodning.

Ta med deg nokon du har lyst å dela denne førjulskvelden med – både medlemmer og ikkje-medlemmer er velkomne!

Helsing styret i Time historielag

Time historielag