Velkomen til medlemsmøte i Time historielag

Dato: 9. september 2026

Klokka 19:00

Stad: Undheim samfunnshus

«Makt og sex på Sæland – korleis vart eldre jernalders største hus bygd på Lyngaland?»

På høgdedraget mellom Undheim og Melsvatnet i Time kommune ligg steintuftene frå husa som ein gong stod på staden. Frå denne plassen har ein utsyn over heile det flate Jæren ut mot Nordsjøen, og ein har strategisk kontroll på dei eldgamle ferdselsvegane som snevrar seg inn mot Gjesdal og Bjerkreim på sørsida av Høgsfjorden og veidemarken i høgfjellet.

På 1920- og 30-talet var det fleire arkeologiske undersøkingar og utgravingar på Lyngaland, og ein slo fast at det bufaste gardsanlegget og dei omliggande gravrøysene kan daterast til 400-talet. Denne dateringa ligg innanfor det som blir omtala som den eldre jernalderen, som er perioden frå cirka 500 før vår tidsrekning fram mot år 550 etter vår tidsrekning og til tida som blir omtala som folkevandringstida.

På Jæren er det rike arkeologiske oldfunn frå denne perioden, med funn av gull og rester av våpen og reiskap laga av jarn som syner omfattande kontakt med omverda og stor rikdom. Dei historiske kjeldene er skrinne, men arkeologane kan med fragment og rekonstrueringar gje oss utfyllande informasjon om korleis livet arta seg for folk på denne tida.

På 400-talet hadde romarriket framleis kontroll over Britannia, og dei nordlegaste garnisonane befant seg i dei nordlege delane av dagens Nord-Tyskland og Nederland i grenselandet mot dei germanske stammane, med ein omfattande flåte som patruljerte rikets ytterkantar.

Våren 2026 var det på nytt arkeologiske undersøkingar på Lyngaland, med bruk av moderne kartleggingsteknologi som kan gje utfyllande informasjon om kva som befinn seg under torva, utan å gjera fysiske utgravingar.

Me er så heldige å få arkeolog Niall John Oma Armstrong frå kulturavdelinga hjå Rogaland fylkeskommune, som leia undersøkingane, til å fortelja om kva arkeologane meiner kan befinna seg i bakken, og korleis denne informasjonen kan vera utfyllande for å forstå kva slags folk som budde på plassen, og kva dei sysla med.

Niall John Oma Armstrong (fødd 1974) er irsk, men fødd i Tromsø, kor han òg har utdanning med hovudfag innan arkeologi frå Universitetet i Tromsø (2004), og har omfattande røynsle frå ulike arkeologiske undersøkingar i Noreg og utlandet, særleg på dei britiske øyane.

Som vanleg vert det kaffipause og utlodning.

Sal av årbøker.

Ta med deg nokon du har lyst å dela denne kvelden med – både medlemmer og ikkje-medlemmer er velkomne!

Helsing styret i Time historielag

Time historielag