Time historielag vart stifta i 1980 og har i dag rundt 200 medlemmer.
Me har oftast 8 møte i året, 4 på våren og 4 på hausten. Møta er på Undheim samfunnshus, startar klokka 19.00 og er oftast slutt innan kl 22.00. Me prøver å finna lokale gode føredragshaldarar, og legg vekt på lokalhistorie og emne med lokal tilknyting.
Dei siste åra har me i samarbeid med Jærmuseet, Time bygdekvinnelag, Jæren husflidslag og Undheim samfunnshus ein laurdag i august arrangert «Historisk dag», der eit tema pregar aktivitetane inne og ute.
Time historielag har ansvar for drifta av Time bygdemuseum som er lokalisert i 2. og 3. etasje i Undheim samfunnshus. Styret i historielaget har sitt «kontor» på museet i 2. etasje.
Sidan 2012 har laget årleg gitt ut ei flott årbok med 15-20 lokalhistoriske artiklar. Årboknemnda i laget med redaktør Tom Hetland har ansvar for årboka. Boka vert lansert på novembermøtet kvart år, og er til sals på historielaget sine arrangement og hjå bokhandlarane rundt om i Time kommune.
Bankgiro: 3325.20.95530
Vipps nummer:
130601
Ynskjer du å koma med stoff til årboka, forslag til artiklar, bilete eller andre innspel, set me pris på om du tek kontakt med boknemnda