GARBORGKVELD I BRYNE KYRKJE

Av Bjørn Bekkeheien

Tysdag 22. januar
Denne kvelden hadde Brynekyrkja og Time Historielag fått med seg Ernst Oddvar Baasland og Tora Aasland til å fortelja om Garborg, begge to svært gode Garborg kjennar, og i tillegg koret Jærklang med dirigent Oddny Underhaug, til å syngja songar av Arne Garborg. Det var såleis eit svært godt opplegg for å gjera dette til ein minnerik kveld for alle dei frammøtte.

Tarald Oma kunne ynskja ei fullsett kyrkja velkommen og som starta med song av koret, saman med solist Judith Aarsland og John Magnus Aarsland på saksofon. Soknepresten i Time, Stein Ødegård og leiaren av Time Historielag, leia kvar sin bolk av møtet.

Baasland hadde valt å kalla sitt foredrag «Arne Garborg sitt forhold til Kristendommen sett frå sidelinja». Han hadde og valt å dela opp livet til Garborg i 10 års epokar for å visa Garborg si utvikling gjennom livet. Gjennom Baasland fekk me høyra om ein Garborg som han kalla eit geni og om ein uredd person som stilte spørsmål med det etablerte og då ikkje minst om religionen med å halda det religiøse spørsmål levande. Kva er den riktige trua, kva er framtidstru? Og det vart det stilt spørsmål om Garborg; var han kristeleg, var han omvendt. Om Garborg som kom til Christiania i 1870 åra, 23 – 24 år gamal og som ikkje lenge etter skriv innlegg i ei avvis der han kritiserer sjølvaste Henrik Ibsen.
Ja det kan ikkje vera vanskeleg å forstå folk som starta med å stilla spørsmål og kva for ein oppviglar denne personen var, som ukjent og uredd yppar seg her i landets hovudstad, med stadig skriva innlegg i hovudstadens avviser, og dette på ei tid det for det meste ikkje var den vanlege mann som las avviser. Dette av ein Garborg som hadde meiningar om det meste. Og samtidig som at Garborg kjem til hovudstaden startar og nasjonalkjensla hos Garborg.

Baasland hadde fått med seg pensjonert sjukehusprest Leif Jon Paulsen, som las dikt av Garborg mellom epokane. Fleire av dei som Garborg ville lest dei. Og noko av det Garborg skreiv støyta mora, ho meinte at han utleverte for mykje om familien. Garborg skreiv då ein song til hyllest om mora. Denne fine songen fekk med høyra framført av Thea Østvold på slutten av Baasland sitt foredrag. Det vart ei svært interessant reise gjennom Garborgs liv Baasland tok oss med på.

Etter matøkt med kaffi og langpannekaka kunne prost i Brynekyrkja, Stein Ødegård, presentera Tora Aasland og henna foredrag, «Garborg som nasjonsbyggjar». At Tora Aasland er ein ihuga tilhengjar av Arne Garborg forstod me frå fyste stund. Ho starta sitt foredrag med å lesa eit dikta av Garborg. Ho minna oss og på at dette året er det 20 år sida kongeparet besøkte kommunen. Då fekk ho som fylkesmann vera med på å ta dei med til Knudaheio. Og i sitt virke som statsråd i Kunnskapsdepartementet med ansvar for høgre utdanning og forsking, kjente ho seg godt igjen i mange av Garborg sine dogmatiske tankar.

Og gjennom Aasland fekk me høyra om ein Garborg som var oppteken av rettferd, ikkje undertrykking og om Haugtussa som kom ut i 1894, ei skildring av ei reise i menneskesinnet. Ho fortalte og til Edvard Grieg som las Haugtussa i 1898, og blei så imponert at han tonesette fleire av dikta.

Om jærbuen og Garborg, som ikkje bryr seg ikkje så mykje om det fine, viktigare at det ikkje kosta noko. Og tankane Garborg gjorde seg om dei som sat på stortinget som det var altfor mange av. Ja han ville visst hatt bort dei fleste av dei. Han meinte det vart utført altfor lite arbeid av dei. Ja Aasland fekk fram latteren i forsamlinga fleire gonger i den underhaldande framføringa me fekk høyra.

Vidare fekk med høyra om talen han heldt i studentsamskipnaden, der han hylla den første kvinnelege studenten, som passa godt saman med Garborgs sans for rettferd om ikkje halda andre nede og som han sa om kvinner, ho skal ikkje elska meg, eg skal elska henne. Og om målsaksmannen Garborg; «me har to målføre i Noreg, det eine har me importert». Elias Blix, som sat på Stortinget for Venstre som kyrkjestatsråd, og svært engasjert i målsaka uttalte seg om Garborg som ein uredd målsak person, i motsetnad til Vinje og Aasen, og som meir enn desse fekk gjort det nynorske skriftspråket godteke. Vidare om Garborg som var svært oppteken av den norsk immigrasjonen til Amerika som han mislikte sterkt, «det er dei beste som reiser» som han uttrykte seg. Han støtta sterkt ordninga Ny Jord, som staten sette i verk og Garborg vart det første æresmedlem i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Ja, Tora Aasland gav oss ei god forståing av tittelen for sitt foredrag.

For bidraga sine fekk dirigent Oddny Underhaug, Ernst Baasland og Tora Aasland overrekt blomar, og Leif Jon Paulsen ei årbok. Stein Ødegård retta ei stor takk til dei alle og spesielt koret; me får det ikkje til utan dei, og avslutta med å takka alle som møtte fram til denne gilde kvelden i Brynekyrkja.

Bjørn Bekkeheien

TIL MOI

Bjørn Bekkeheien 4. oktober 2015

Den 9. juni reiste Time Historielag på sin årlige sommartur, og dette året tok me turen til Moi i Lund med heimtur over heia til Hauge i Dalane, Egersund og tilbake til Bryne.

Formannen vår Tarald Oma var som vanlig reiseleiar og det han ikkje veit om garder og slekter langs vegen trenger vi nesten ikkje veta meir om. Vi blir like imponert kvar gong om slekt og forteljingar han er i stand til å huska.

Bare med å høyra på Tarald er nesten turen vært. 

Da vi kom fram til Moi blei me tatt vel i mot av leiaren av bygdemuseet som ga oss ei interessant orientering om bakgrunnen for muset og om den heilt spesielle frukthagen dei har.

Frukthagen inneheld ei samling av om lag 60 eplesorter. Dette er gjort for å ta vare på gamle eplesorter som passer godt saman med klimaet som dei har på Moi. At me her fekk høyra om Garborg eplet var det nok fleire av oss som vi ikkje kjende til.

Etter er grei omvisning blei me spandert både kaffi, kaker og wienerbrød.

På turen over heia til Hauge i Dalane fekk me oppleva utrulig flott natur og med så smal veg der bussen nærast måte snigla seg fram, klarte me og å planlegga kor me skal reisa for å finna blåbær til hausten. Klokka 22.30 var me tilbake der vi starta, ved Sivdammen på Bryne


KONTAKT
E-post: timehistorie@outlook.com
Telefon:  +47 951 25 002

Takk for at du tar kontakt. Vi vil svare så snart vi får anledning.