Laget har til føremål å fremja interessa for ættesoge og lokalhistorie i Time kommune, og registrera, samla inn og ta vare på stoff som kan fortelja om timebuane sine levekår gjennom tidene.
Styret syter for at det vert halde minst 4 medlemsmøte i året.
Laget er eit lokallag tilslutta Rogaland Historielag, med dei rettar og plikter dette inneber. Medlemene vert gjennom Time historielag tilknytta Rogaland Historielag, og får m.a. tilsendt medlemsbladet «Sydvesten» frå fylkeslaget.
Medlemer av laget er:
a) Årsmedlemer som har betalt kontingenten i inneverande år
b) Æresmedlemer etter §7.
Kontingenten vert fastsett av årsmøtet.
Laget skal leiast av eit styre på 5 medlemer med 3 varamedlemer.
Årsmøtet vel:
a) Leiar og 4 styremedlemer for 2 år
Valet vert ordna slik at 3 eller 2 er på val kvart år. Styret vel innbyrdes nestleiar, skrivar og kasserar.
b) 3 varamedlemer for 1 år
c) 2 revisorar for 1 år
d) Valnemnd på 3 medlemer, kvar av dei er valde for 3 år, og 1 er på val kvart år.
Styret vert kalla inn av leiaren. Skriftleg innkalling med sakliste bør sendast styremedlemene og varamedlemene minst 4 dagar før møtet.
Styret er vedtaksført når minst 3 styremedlemer er til stades.
Styret kan setja saman nemnder til å ta seg av arbeidsoppgåver som laget tek på seg. Alle nemndene sender skriftleg melding om arbeidet til styret.
Ei særskild boknemnd på 6 medlemer inkludert årbokredaktøren har ansvar for historielaget si årbok. Årbokredaktøren er leiar i boknemnda. Eitt av medlemene i boknemnda sit som representant frå styret.
Rekneskapen skal førast for kvart kalenderår og leggjast fram for årsmøtet til godkjenning i revidert stand.
Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av februar månad.
Innkalling med sakliste og årsmelding skal sendast ut med 14 dagars varsel.
Årsmøtet har føre:
a) Årsmelding
b) Revidert rekneskap
c) Val
d) Fastsetjing av kontingent
e) Innkomne forslag, må vera styret i hende seinast 3 veker før årsmøtet.
Røysterett har alle som møter personleg og har betalt kontingent for siste året.
Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn etter samrøystes vedtak i styret.
For innkalling, varsel og liknande gjeld dei same reglane som for årsmøtet.
Årsmøtet utnemner æresmedlemer etter framlegg frå styret.
Æresmedlemer får livstidsmedlemskap og betaler ikkje årskontingent.
Æresmedlemer betaler ikkje inngangspengar på laget sine arrangement.
Endringar i vedtektene kan gjerast på årsmøtet med 2/3 fleirtal. Forslag til endringar i vedtektene må vera styret i hende innan utgangen av desember månad.
Vedtak om oppløysing av laget kan gjerast med 2/3 fleirtal på årsmøtet. Laget sitt arkiv, aktiva og midlar skal då gå over til lokalsamlinga i Time Bibliotek eller til Rogaland Historielag.
Vedtekter godkjente på årsmøtet i Time historielag 11. februar 2026